Far etter mor
Rogalandskvinner på 16-og 1700-tallet
Far etter mor
Føredragshaldar Birger Lindanger vil ta for seg våre formødre på 16- og 1700-talet. Var dei svartkledde, krumbøygde og underdanige? Eller var dei stikk motsett rakrygga og bein i nasen? Kva maktmiddel hadde dei? Kva var det viktigaste våpenet hennar? Koss var ho som brur, husfrue, husmannskone og tenestejente? Koss var tilhøvet hennar til mannen, til borna, til naboar og til prest og lensmann? Kva klede hadde ho og kva ansvar hadde ho. Ho vart rekna som finansminister på garden, kva innebar det at ho hadde nøklane til alle gøymer på garden.
Kvinnene er bondekona Guri Randa på Randøy d. ca. 1616, husmannskona Ragnhild Gravene under Lindanger i Søre Skjold, d. 1832, adelskvinna Elitsa Eskildsdotter på Talgje (1420 – ca. 1495) og kjøpmannsenka Elisabeth Seehusen, Stavanger, (1643 – 1714).
Kom og møt tipptipptipptippoldemødrene dine! Utan henne ville du ikkje vore den du er!
Birger Lindanger, f. 1947, pensjonist, historikar, styreleiar for Rogaland historielag, tidlegare styreleiar for Norsk fyrhistorisk foreining. Tidlegare tilsett som 1. amanuensis ved UiS, sit i styringsgruppa for Madla – Hetlandprosjektet. Har produsert ei rad bøker av lokalhistorisk, institusjonshistorisk og bedriftshistorisk karakter. Mellom anna kan nemnast bygdebøker for Bokn, Rennesøy, Randaberg, Finnøy, Kvitsøy, Klepp og Time
